Støtteordninga ynskjer å stimulere til samarbeid mellom arrangørane i fylket. For å få støtte er det eit krav at to arrangørar har gått i lag for å setje opp den same artisten på to forskjellige plassar i fylket.
Krav til søknad:
Prosjektskildring
Kort skildring om arrangørane som søkjer
Kort skildring om artist/band som skal bookast
Felles marknadsføringsplan
Budsjett (eitt for kvar arrangør)
Prosjektskildring og budsjett må leverast i PDF.
Etablerte enkeltarrangørar kan søke direkte til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Norsk kulturråd m.m. og har difor ikkje eiga tilskotsordning gjennom SOMU
Søknadsfrist: 30. oktober